Bokanmeldelse fra bokblogger.com

Kjell Magne Gjørsæter i bokblogger.com har lest og gitt en fin og grundig anmeldelse av min nye bok Hagelivet. Det er veldig hyggelig og her i mitt nyeste blogginnlegg får du et utdrag fra bokanmeldelsen:

Denne boka er eit leseeksemplar på pdf frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hagelivet».

“I denne boka finn ein gode tips, råd og inspirasjon om korleis ein kan plante og finne roen i sin eigen hage. Alt frå økologisk dyrking til meditasjon og yogahage.

Boka inneheld 5 kapitler med underkapitler, der forfatter blant anna tar for seg å lage ein blomsterrik hage med eit vell av insekter, egendyrking i kjøkkenhage, dyrke ein hage for alle sanser, og det å skape ein meditasjonshage og å drive yoga i eigen hage.

Ein hage er langt meir enn berre blomster og insekter. Ein hage kan også være eit uterom for å få tilbake balansen i ein travel kvardag og skape ein indre ro i sjelen. Det handler også om å leve i pakt med naturen, og å hauste av det naturen produserer.

Det er mange tips og råd om hvilke planter ein kan plante, kva som tiltrekker seg insekter, korleis skape soner og dyrke urtehage, og kva bunntekstur som er å anbefale. Mangfoldet i boka er stor, og vil treffe bredt blant lesere.

Sjølv om forfattar skriv om meditasjon og yoga, og har med øvelser og teknikker, så er alt hagerelatert. Dette er ein fin vinkling og ganske så unikt. For mange vil denne boka bli ein døråpner for ein ny og forbedret hage, samtidig som den kan skape ein sinnsro og ein plass der ein kan trekke seg tilbake og slappe av.

Lyder er eit effektivt verkemiddel når ein skal slappe av. Om du bur på landet eller nær ein trafikkert veg, så har Søderholm tips til korleis du kan skape deg ein eigen liten plass for avslapping.

Søderholm har skrevet ei balansert bok som inneheld alt frå plantetips til konkrete yoga og meditasjonsøvelser. Boka er strukturert og har ein raud tråd heile vegen. Det er ikkje lett å klare å skildre og gi tips og råd samtidig, men her synes eg at forfatter har lykkes godt. Det er skrevet på ein lettfattelig måte, og også steg for steg. Ein finn også lett fram i boka, og kan derfor bli sett på som eit oppslagsverk.

«Hagelivet» handler om å finne tilhørighet og leve i ett med naturen i sin eigen hage. Det er mange konkrete og gode tips, råd og ikkje minst inspirasjon til å skape ein hage der ein kan slappe av og finne roen, gjerne gjennom meditasjon og yoga, men også gjennom økologisk dyrking av matvarer og å skape ein sansehage. Solveig Søderholm har med dette skrevet om sin lidenskap og hobby på ein meget god og oversiktlig måte. Denne boka kjem til å glede mange lesere, og vil inspirere til mange flotte hager i fremtida.”

Bokanmeldelse“ Hagelivet” av Kjell Magne Gjøsæter i bokblogger.com

Les hele bokanmeldelsen her


Forrige
Forrige

HAGEREPORTASJE I DRAMMENS TIENDE

Neste
Neste

BOKOMTALE FRA MAGASINET REN MAT